Den gamle postvegen mellom Bergen og Tondheim går gjennom Hyllestad kommune.
Vegen vart bygd i åra 1801-1806. Dei siste åra har ein restaurert denne vegen,
slik at det no er mogeleg å sykle med lettare terrengsykkel gjennom heile kommunen.
I Skor har ein lagt ned mykje arbeid i å byggje opp att miljøet slik det var den gong
posten gjekk denne vegen. Dette har resultert i fem bygningar, som til dømes sagbruk og
fleire kvernhus. Alle bygningane er i operativ stand.
|
|