Fiske i ferskvatn

Aksevatnet
Birkeland Camping ligg ved Aksevatnet, som vert karakterisert som eit av Vestlandets beste fiskevatn. Her får ein aure med ei snittvekt på omlag 700 gram. Fisket i vatnet er gratis for gjester, og robåt inngår i leiga.


Espelandsvatnet
Fem minuttars køyring, eller ein fin spasertur frå plassen ligg Espelandsvatnet. Her finn ein eit mangfald av ulike fiskeartar - vanleg aure, regnbogeaure og laks. I dette vatnet har ein ikkje båt, men kan fiske langs ei lenger, avgrensa strandsone.