Fjellturar

Lokale eldsjeler har lagt ned eit stort arbeide i rydding og merking av gamle stigar, så den som vil teste fjellskoa finn rikeleg med utfordringar her, både med og utan overheng. Biletet under er teke i brattaste partiet i Nipestigen på Lihesten (til venstre). Her nyttar ein seg som ein ser av permanente tau...


Lifjellet
Lifjellet hamna på Noregskartet somaren 1936 i samband med Havørnulukka, som var den fyrste flyulukka i norsk historie. I dag er Lihesten og Lifjellet meir kjend for vill og vakker natur. Kvart år i juni vert Lihestklyvet arrangert, ein tur som endar opp på Gygrekjeften, omlag 710 meter over havet. For å nå denne toppen har ein valet mellom fleire ruter, nokre "lette", andre med overheng og tau til å klatre i. Høgaste punktet er derimot Risnesnipa (776 m) med fantastisk utsikt over Sognesjøen. På klåre dagar kan ein frå denne staden sjå oljeinstallasjonane i Nordsjøen!

I Trollbotn (vest på Lifjellet), som ligg omlag 40 minuttars gonge frå Porten, finn ein gode fiskevatn, der ein ved å løyse fiskekort kan prøve fiskelukka i nettopp trollske omgjevnader.

Fleire bilete frå Lihesten og Lifjellet finn ein her.


Rossevikheia
Rossevikheia, 330 meter over havet, ligg 40 minutt til forts frå campingplassen. Løypa er godt merka, med lett stigning - altså ein fin kveldstur for dei fleste.