Kvernsteinspark
|
|
Hyllestad Kommune har tre kvernsteinar på blå bakgrunn som kommunevåpen. Dette
skuldast at Hyllestad opp gjennom tida var leverandør av nettopp
kvernstein til store delar av Europa. Parken finn ein ved Statoilstasjonen,
omlag 5 minuttars køyring frå campingplassen.
|
Ei vandring i kvernsteinslandet.
På turen gjennom parken ser du tydeleg merker etter steinhoggarkunst
som er meir enn tusen år gamal. I fantasien kan du dra attende i tida.
Høyre lyden av hoggjarn mot stein, høyre mannemåls glede eller mannemåls
sut. Du kan stryke handa over steinen som aldri vart til noko, eller
tenkje deg alle dei som for herifrå. Dei runde steinane som gjorde kornet
til mjøl. Som metta munnar i inn- og utland i kanskje meir enn tusen år.
|
|
[Henta frå foldaren "Kvernsteinparken, Hyllestad", som kan tingast frå
kulturkontoret i Hyllestad (tlf. 577 89 500)]
|
|
|